Blog

Meir enn porno og pynt

Skrive av: Anders Totland (teksten stod på trykk i Nationen 2. juni)

Under overskrifta «Laget frå bunnen av» skriv Per Borglund om dagens kokebøker, som nesten utan unntak berre er matpornografi og pynt. Berglund, som er redaktør for magasinet Mat fra Norge, har truleg god oversikt over kva som finst på marknaden, og ved nærare ettertanke slår det meg at Borglund sin diagnose er svært treffande.

For sjølv om han ikkje utdjupar den konkrete påstanden, og det dermed kan sjå ut som han berre slengjer rundt seg med polemiske påstandar, har den gode matredaktøren eit poeng.

Men først: Koplinga mellom sex og mat er på ingen måte ny. Dei glansa magasina og tabloidavisene har i årevis fløymd over av saker om kva råvarer og rettar som gjev deg lyst på ein ekstra runde etter desserten. Putt ordet afrodisiakum i ein ingress, og plutseleg kan du forsvara overskrifter som «Spis deg til et bedre sexliv».

Og det er ikkje berre media som haussar opp denne tilsynelatande rare koplinga. Som kokkelærling på midten av 2000-talet lærte eg at det var heilt kurant å snakka om mat som knullar i munnen. Sånn snakkar dei altså på kjøkenet. Det er gjerne rått og i overkant direkte. Men det er i det minste ærleg. Det kokken legg på tallerken, er det gjesten får servert.

Bortsett frå det mest grunnleggande om at restaurantmat er mat og kokebøker er papir og blekk, er det langt på veg dette som skil kokebøkene frå den verkelege verda. Det du ser i mange kokebøker er nemleg ikkje det du får, dersom du følgjer oppskriftene. Orsak språket, men kokebøker tilbyr ikkje mat som knullar i munnen. Dei serverer, som Borglund presist skriv, matpornografi.

I motsetning til kva ein del tenåringar trur, er ikkje porno heilt det same som sex. I pornoverda skjer det veldig mykje rart, som neppe funkar like godt heime. Og la meg ikkje ein gong begynna å snakka om utstyret. Det er jo ingen normalt samanskrudde menneske som har sånn utstyr i den verkelege verda. Spuma-flaske, til dømes. Eller vakuum-maskin og sous vides-kokar. Har du det på kjøkenet ditt?

Eg seier det igjen: Porno og sex er ikkje det same, og kokebøker er ikkje mat. Prøver du å etterlikna det du ser på bileta, blir det ofte berre griseri.

Dette er noko av det me tenker aller mest på, Marius Knutsen og eg, når me i desse dagar legg siste handa på kokeboka Digg, som etter planen kjem ut på seinsommaren. Eit kontrollspørsmål som alltid fortener å bli stilt, før fotografen får utløysaren til å gå av, er om mennesket som til slutt skal sjå biletet kan klara å herma. Er svaret nei, kan me like godt begynna frå starten igjen.

Ikkje fordi me ikkje kan laga lekker mat som fortener eiga galleriutstilling (eller jo, forresten, kanskje litt difor òg), men mest fordi me ikkje jobbar i matpornobransjen. Vår ambisjon er å laga og formidla mat.

Me vil ikkje visa korleis du kunna ha gjort det, dersom du hadde tilgang på all verdas råvarer og eit utstyrslagar som treng eiga bod i kjellaren. Tvert om tar me utgangspunkt i råvarene som finst i kvar einaste matbutikk, uansett kor i landet du bur. Me bruker utstyr som finst på dei aller fleste kjøken. Og me presenterer maten på måtar som dei aller fleste kan etterlikna, når dei om nokre månader forhåpentlegvis står ved kjøkendisken, og har slått opp for å finna ut korleis dei kan laga lekre ugrasrullar eller fiskemiddag til heile familien på under ti minutt.

Som Borglund skriv, når han etterlyser den praktiske nytteverdien av dagens kokebøker, vil me gje heilt konkrete tips til korleis ein kan laga litt betre mat, utan å gjera store investeringar. Me vil vera ein entusiastisk kamerat i kampen mot matsvinn, og ein støttande følgjesven når du skal ut og utforska det som veks i hagen. For veit du kva? Mykje av det kan etast. Heilt på ekte. Og finn du oppskrifta i kokeboka vår, kan du vera trygg på at det faktisk lar seg gjennomføra å laga maten sjølv.

Det er kanskje ikkje porno. Men det gjer ikkje noko. Det treng ikkje alltid vera utagerande og spektakulært for å vera godt. Det viktigaste er at det er digg.

Advertisements

Hurra, me lagar kokebok!

Skrive av: Anders Totland

Ganske nøyaktig 10 år etter at draumen om ei stjernekarriere som kokk blei lagt på hylla, er eg no utruleg glad for å kunna fortelja at eg i haust debuterer som kokebokforfattar.

Saman med min gode kollega Marius Knutsen, som eg dei siste åra har laga matspalta Digg saman med i Sunnhordland, har eg i vår jobba intenst for å komma i mål. No er me endeleg komne så langt at me kan fortelja omverda kva me driv med.

Boka kjem ut på Skald forlag, som også er forlaget bak Fantasiboka, der eg bidrog med ein tekst i fjor haust.

Når kokeboka Digg får same namnet som matspalta vår, er det både fordi me likar namnet veldig godt og fordi boka blir laga i same ånd som matspalta. I tillegg fyller me sjølvsagt på med nye, gode oppskrifter som sjølv far kan få til å laga.

Sidan boka ikkje kjem ut før i september (men altså i god tid før du skal handla årets julegåver!), sparar me detaljane til seinare. Men alt no kan me røpa at interessa for kjøkenhage vil visa godt igjen i boka.

Som sagt er det ei stund til du vil finna kokeboka Digg i butikkane. Dersom du likevel ikkje klarer å venta med å sikra deg eit eksemplar eller ti, kan du førehandstinga boka direkte på epost til marknad@skald.no.

Vil du følgja prosessen fram mot den ferdige kokeboka, kan du følgja med på bloggen Frå hage til mage, der det vil komma nokre drypp i ny og ne.

Er du på Instagram, kan du følgja @diggkokebok,  @totlanders og @fotoknutsen, som alle legg ut bilete med emneknagg #diggkokebok.

Og ikkje minst får du siste nytt både frå kokebokprosjektet og kjøkenhagen på Facebook-sida Anders Totland.

Ha ein fortreffeleg vår, så snakkast me i bokhandelen til hausten!