Hausten 2017 kjem kokeboka Digg ut på Skald forlag. Boka kan førehandstingast direkte frå forlaget.

Anders Totland og Marius Knutsen har dei siste åra jobba saman i avisa Sunnhordland, der dei mellom anna har skrive fast matspalte i avisa sitt magasin, Mitt Sunnhordland. Dette samarbeidet har dei no utvikla vidare, og er i haust klare med si første kokebok.

Anders Totland er oppvaksen på Bømlo, og bur på Valen i Kvinnherad. Han er utdanna kokk og samfunnsvitar, og jobbar til dagleg som journalist og organist. Totland har tidlegare gjeve ut ei barnebok og ei ungdomsbok, og kjem i haust med sin andre roman for ungdom. Han reiser mykje rundt på forfattarbesøk, og held også foredrag om matauk. Nettstad: www.anderstotland.com

Marius Knutsen kjem frå Stord, og er utdanna fotojournalist. Han er ein ihuga matelskar, og bryggjer sitt eige øl. Knutsen har vunne ei rekke fotoprisar.

Advertisements